9.A rules!
Dette er ein blog i anledning 9.A sitt 35 års (!) jubileum for avslutninga på Nærbø Ungdomsskule. Jubiléet skal feirast med brask og bram den 10. oktober 2015. Klassen har faktisk feira kvart 5:e år sidan me slutta. Her på blog'en samlar me alle mulige og umulige ting som har med 9.A og gjera. Det er ikkje så lite....
onsdag 8. september 2010
Spor
Eg håpar dei fleste av dykk har høyrt heile eller delar av Jærrock sin CD "Spor" frå 1997. Håpar me kan spela den på fredag.
Høyr også dei sjeldne "Johanna" og "Bønder i Byen" til høgre.
Party I Provinsen
måndag 6. september 2010
Bilde frå festen i 2000, frå Grete sitt album. Mon eg har same draget 10 år seinare?
Nei, Grete og eg er jo mest tvillingar med fødseldato 2. og 1. juni og vart vel mest oppdregne som søsken dei første åra.
Er det nokon som ønsker å sjå andre kosebilder frå tidlegare festar? Mon ikkje eg har noko med Ståle og Sverre i farten ...!
Gym
Det finnes ein svært god CD med gruppa Di Derre som beskriv skuleliv på 70-talet på ein flott måte, både med sorger men mest gleder. Eg spelar denne periodevis og har mange favorittar. Tittelsporet "Gym" er svært bra, den finn eg ikkje på nettet og eg saknar dessutan nokre flotte bilder frå coveret, desse legg eg inn seinare.
Kvar 17. mai når eg lengtar heim spelar eg "Vårt Korps" og tenkjer på korleis musikkorpset fekk liv i Nærbø på 17. mai. Sjå link til "Vårt Korps" nedanfor og listen carefully .....
laurdag 4. september 2010
Ta temp'en på ditt barnesinn!
Nokre av dykk synes kanskje det er å vera litt vél barnsleg, men eg forsøker meg med å ta temperaturen på ditt barnesinn. Kva hugsar du frå dei mest kjente barnesangane og det beste Barne-TV? Her spelar ikkje skulekarakterar eller lærarfavoritten nokon rolle. Prøv å besvare Barnequizen i bildet til venstre. Alle svar finns her på blog'en. Skriv deretter gjerne inn ditt resultat i avstemningsmodulen øverst til høgre så får me sjå kor mange som framleis har barnesinnet i orden. Avstemninga er sjølvsagt heilt anonym, også for meg.
Frå nå av vert det mindre barneting på blog'en, me skal jo på fest neste fredag. Så nå finns det risk for at din bedre halvdel blir sjalu av å sjå bilde frå tidlegare festar. Eg arbeider også på å samla tidsaktuelle album covers til høgre her på blog'en. Personleg forbereder eg meg med å spela "Te Varhaug På Dans" for å koma i rette stemninga. Eg skulle nok ha gått meir i Loen då eg var ung ...
God elg!
fredag 3. september 2010
Breaking News: Romlingane er her igjen!
Tru det eller ikkje, men her om dagen fann eg fleire utgåver av Romlingane på You Tube. Eg veddar på det er minst 36 år sidan me sist såg Romlingane. Dei er riktig nok på engelsk, men pipelydane er heldigvis universelle!
Kos dokke med Suppedragen & co; surrealistisk film frå den gongen Barne TV var Barne TV ...!
torsdag 2. september 2010
Flotte bilder frå Gretchen
Som eg skreiv på mail i dag så har Grete fått scanna inn nokre flotte bilder. Der finns no ein fin serie fra klasseturen til Utstein Kloster i 1977, det kom mange gode billede som kompletterar Ådneram svært bra og så fekk me sjølvaste konfirmasjonsbildet! Eg har oppdatert desse i billedseriane til høgre. Har valt å ikkje klippa i albumet, dels er det vanskeleg å få med dei viktige kommentarane og så forsvinn litt av samanhangen.
Tor Leif J. skreiv i dag at han gledar seg mykje til festen med "godklassen sin". Han vert nok ikkje med på heile festen, men eg trur han får med seg det viktigaste før me let dansen ta overhand.
Enjoy!
tysdag 31. august 2010
Fremdeles håp ....
2 år igjen så er også me 48! Ja, jau, mykje kan jo henda på 2 år...!
Nei, sjå på bilete frå festen for 5 år sidan; me var kjempeflotte. Og med 5 år meir patina kan det bare bli betre (skreiv eg "Kan bli betre" ...???!!!!).
PS!
Kos dokke med "Sjur på sløyden" i "Barnetime" link til høgre. Hugsar nokon mi første skjærefjøl...?!!!
DS
laurdag 28. august 2010
Minnebok
Sjå kva ny teknologi kan gjera for å dela gode opplevelsar. 10 minutt så var ein del av mi minnebok overført til flotte bilete. Sjå også Aslaug Mugås si flotte helsing.
31. august: Så er også Monica si minnebok på nettet, lett som bare det. Her finns gilde helsingar frå både Bjørg Buli og Ivar Bjorland.
Andre som har minnebøker på loftet?
torsdag 26. august 2010
Lekser ...
Har de heilt gløymt at skulen har starta no i august? Mange av dykk har visst ikkje gjort leksene den siste veka. Den 10. september er det fest og me manglar ein heil del bilete og anna frå skuletida. Dette jubiléet er ein fin anledning til å sjå gjennom gamle album eller diasbilder og få dei over i meir lett tilgjengelig elektronisk form. Samtidig er jubiléet også ein god mulighet for å dela opplevelsar og historiar frå skuletida. Er det fleire enn meg som hugsar den fantastiske skuleturen i Brekka på Obrestad?
Høyrer frå dykk!
Høyrer frå dykk!
onsdag 7. juli 2010
Heim te Jæren ...
onsdag 23. juni 2010
Konfirmasjon
søndag 20. juni 2010
Home Sweet Home .....
søndag 13. juni 2010
laurdag 12. juni 2010
Nærbø anno ?
Huff og huff ....
Abonner på:
Innlegg (Atom)