onsdag 8. september 2010

Spor



Eg håpar dei fleste av dykk har høyrt heile eller delar av Jærrock sin CD "Spor" frå 1997. Håpar me kan spela den på fredag.
Høyr også dei sjeldne "Johanna" og "Bønder i Byen" til høgre.

Nærbø By Night

Party I Provinsen



Så er det Party I Provinsen!
Her i Danmark er KBH hovedstad og Jylland er bare provinsen. Sangen her handlar om at det er gode parties i provinsen!
Sjåast på fredag!

måndag 6. september 2010



Ein liten exhibitionist her ?


Bilde frå festen i 2000, frå Grete sitt album. Mon eg har same draget 10 år seinare?

Nei, Grete og eg er jo mest tvillingar med fødseldato 2. og 1. juni og vart vel mest oppdregne som søsken dei første åra.

Er det nokon som ønsker å sjå andre kosebilder frå tidlegare festar? Mon ikkje eg har noko med Ståle og Sverre i farten ...!

Gym


Det finnes ein svært god CD med gruppa Di Derre som beskriv skuleliv på 70-talet på ein flott måte, både med sorger men mest gleder. Eg spelar denne periodevis og har mange favorittar. Tittelsporet "Gym" er svært bra, den finn eg ikkje på nettet og eg saknar dessutan nokre flotte bilder frå coveret, desse legg eg inn seinare.

Kvar 17. mai når eg lengtar heim spelar eg "Vårt Korps" og tenkjer på korleis musikkorpset fekk liv i Nærbø på 17. mai. Sjå link til "Vårt Korps" nedanfor og listen carefully .....

laurdag 4. september 2010

Ta temp'en på ditt barnesinn!


Nokre av dykk synes kanskje det er å vera litt vél barnsleg, men eg forsøker meg med å ta temperaturen på ditt barnesinn. Kva hugsar du frå dei mest kjente barnesangane og det beste Barne-TV? Her spelar ikkje skulekarakterar eller lærarfavoritten nokon rolle. Prøv å besvare Barnequizen i bildet til venstre. Alle svar finns her på blog'en. Skriv deretter gjerne inn ditt resultat i avstemningsmodulen øverst til høgre så får me sjå kor mange som framleis har barnesinnet i orden. Avstemninga er sjølvsagt heilt anonym, også for meg.

Frå nå av vert det mindre barneting på blog'en, me skal jo på fest neste fredag. Så nå finns det risk for at din bedre halvdel blir sjalu av å sjå bilde frå tidlegare festar. Eg arbeider også på å samla tidsaktuelle album covers til høgre her på blog'en. Personleg forbereder eg meg med å spela "Te Varhaug På Dans" for å koma i rette stemninga. Eg skulle nok ha gått meir i Loen då eg var ung ...

God elg!

fredag 3. september 2010

Breaking News: Romlingane er her igjen!


Tru det eller ikkje, men her om dagen fann eg fleire utgåver av Romlingane på You Tube. Eg veddar på det er minst 36 år sidan me sist såg Romlingane. Dei er riktig nok på engelsk, men pipelydane er heldigvis universelle!

Kos dokke med Suppedragen & co; surrealistisk film frå den gongen Barne TV var Barne TV ...!

torsdag 2. september 2010

Flotte bilder frå Gretchen


Som eg skreiv på mail i dag så har Grete fått scanna inn nokre flotte bilder. Der finns no ein fin serie fra klasseturen til Utstein Kloster i 1977, det kom mange gode billede som kompletterar Ådneram svært bra og så fekk me sjølvaste konfirmasjonsbildet! Eg har oppdatert desse i billedseriane til høgre. Har valt å ikkje klippa i albumet, dels er det vanskeleg å få med dei viktige kommentarane og så forsvinn litt av samanhangen.

Tor Leif J. skreiv i dag at han gledar seg mykje til festen med "godklassen sin". Han vert nok ikkje med på heile festen, men eg trur han får med seg det viktigaste før me let dansen ta overhand.

Enjoy!

tysdag 31. august 2010

Fremdeles håp ....


2 år igjen så er også me 48! Ja, jau, mykje kan jo henda på 2 år...!

Nei, sjå på bilete frå festen for 5 år sidan; me var kjempeflotte. Og med 5 år meir patina kan det bare bli betre (skreiv eg "Kan bli betre" ...???!!!!).

PS!
Kos dokke med "Sjur på sløyden" i "Barnetime" link til høgre. Hugsar nokon mi første skjærefjøl...?!!!
DS

laurdag 28. august 2010

Minnebok


Sjå kva ny teknologi kan gjera for å dela gode opplevelsar. 10 minutt så var ein del av mi minnebok overført til flotte bilete. Sjå også Aslaug Mugås si flotte helsing.

31. august: Så er også Monica si minnebok på nettet, lett som bare det. Her finns gilde helsingar frå både Bjørg Buli og Ivar Bjorland.

Andre som har minnebøker på loftet?

torsdag 26. august 2010

Lekser ...

Har de heilt gløymt at skulen har starta no i august? Mange av dykk har visst ikkje gjort leksene den siste veka. Den 10. september er det fest og me manglar ein heil del bilete og anna frå skuletida. Dette jubiléet er ein fin anledning til å sjå gjennom gamle album eller diasbilder og få dei over i meir lett tilgjengelig elektronisk form. Samtidig er jubiléet også ein god mulighet for å dela opplevelsar og historiar frå skuletida. Er det fleire enn meg som hugsar den fantastiske skuleturen i Brekka på Obrestad?

Høyrer frå dykk!

onsdag 7. juli 2010

Heim te Jæren ...


Så er det sommarferie og heim te Jæren + hytta på Ualand. Gler meg like mykje no som før til sol og bad.
God ferie til alle!

onsdag 23. juni 2010

Konfirmasjon




Det går litt tregt med kommentarar her på bloggen.... Tenkte at temaet konfirmasjon kanskje fekk dykk og foreldre til å vakna og finna fram bilder. Det kunne bli ein fin bildeserie av unge kvinner og menn. Skriv gjerne inn ein kommentar nedanfor, det er enkelt.

søndag 20. juni 2010

Home Sweet Home .....


Reid påpeika ofte tidlegare for meg at Nærbø er universets senter. Det er visst ikkje heilt rett, men Nærbø er i alle fall sentrum på jorda, det bekreftar Google Maps.

søndag 13. juni 2010

Streken

laurdag 12. juni 2010

Nærbø anno ?



Emton har ein fin brosjyre over Nærbø frå ein gong tidleg 80 eller seint 70-tal. Eigentleg eit ganske bra servicetilbud på den lille plassen.

Eg kunne godt bruka nokre fleire bilete av Nærbø før og no.

Huff og huff ....



Fleire enn meg som frys på ryggen ved gjensynet av Mr. Nelson ...?

Sjå linken til "Støttegruppe for oss som fortsatt er redde for alle i Pompel og Pilt" !

http://nb-no.facebook.com/pages/Stottegruppe-for-oss-som-fortsatt-er-redde-for-alle-i-Pompel-og-Pilt/251050738367

Hva kommer nå?



Still in love with Vibeke Sæther ...

Er dette frå 1978?


Monica sende dette blandt fleire bilder.

Ådneram Survival Camp ...



Eitt av Turid sine bilder.

2. sept.: No finns det fleire bilde som kompletterar leirskulen på Ådneram. Men ingen bilder kan beskriva nattøvelsen då me skulle leita etter Reid ....

Smiiil!


Her er eitt av Kristin sine mange flotte bilder frå 25 års jubiléet.


Billedserien finn du til høgre på denne sida.

Nå har 9.A fått sin blog!


Hei adle i 9.A!

Eg sat og tenkte på korleis me kunne dela alle dei fine bilde som kjem inn no og seinare og fann ut at ein blog for 9.A kunne vera tingen. På denne måten kan me gleda oss meir og lenger til jubiléet den 10. september der eg reknar med at alle sjølvsagt kjem. Her på bloggen vil eg legga inn bilde, her kan de skriva kommentarar om kor mykje de gledar dykk og så kjem det links til mange gilde ting frå før i tida, men også kommentarar til dagen i dag..

Det kan sikkert gå litt tid før det vert liv i denne bloggen, men med dykkar hjelp er eg sikker på at det går fint. Ingen ting er for stort eller for lite.

Eg vil sjølvsagt hjelpa med å gjera det så enkelt som mogleg for alle, så skriv til meg på mailen eller ring/SMS på +45 89381403 om de treng hjelp med innlogging etc.

Nå, lørdag den 12. juni vil eg kosa meg vidare med å finna bilde etc. å legga inn på blog'en.

Helsing Sjur