tysdag 31. august 2010

Fremdeles håp ....


2 år igjen så er også me 48! Ja, jau, mykje kan jo henda på 2 år...!

Nei, sjå på bilete frå festen for 5 år sidan; me var kjempeflotte. Og med 5 år meir patina kan det bare bli betre (skreiv eg "Kan bli betre" ...???!!!!).

PS!
Kos dokke med "Sjur på sløyden" i "Barnetime" link til høgre. Hugsar nokon mi første skjærefjøl...?!!!
DS

laurdag 28. august 2010

Minnebok


Sjå kva ny teknologi kan gjera for å dela gode opplevelsar. 10 minutt så var ein del av mi minnebok overført til flotte bilete. Sjå også Aslaug Mugås si flotte helsing.

31. august: Så er også Monica si minnebok på nettet, lett som bare det. Her finns gilde helsingar frå både Bjørg Buli og Ivar Bjorland.

Andre som har minnebøker på loftet?

torsdag 26. august 2010

Lekser ...

Har de heilt gløymt at skulen har starta no i august? Mange av dykk har visst ikkje gjort leksene den siste veka. Den 10. september er det fest og me manglar ein heil del bilete og anna frå skuletida. Dette jubiléet er ein fin anledning til å sjå gjennom gamle album eller diasbilder og få dei over i meir lett tilgjengelig elektronisk form. Samtidig er jubiléet også ein god mulighet for å dela opplevelsar og historiar frå skuletida. Er det fleire enn meg som hugsar den fantastiske skuleturen i Brekka på Obrestad?

Høyrer frå dykk!